Kremasjon

 

Krematorium nytta av (Namn)

Tekst om eige krematorium her, eller om krematorium som blir nytta

 

Kva er kremasjon?

Kremasjon er ei alternativ form for gravferd i høve til den konvensjonelle gravlegginga.

Ved kremasjon blir kista til den avdøde – vanlegvis etter ein seremoni – transportert til eit krematorium, der ho blir plassert i ein omn med temperaturar opp til 1150 °C. Dette fører til at kista og kroppen blir omdanna til oske og beinrestar.

Merk: Som ved gravlegging, skal kremasjon skje innan ti yrkedagar etter dødsfallet.

Sjølve kremeringsprosessen tek om lag éin time. Pårørande har høve til å vere til stades dersom dei ønskjer det.

Etter kremasjonen blir oska plassert i ei forsegle og merka urne, saman med ein identifikasjonsbrikke, og kan deretter setjast ned i ei grav på ein offentleg gravplass.

Det er òg mogleg å søkje om å spreie oska i naturen eller havet.

 

Kvifor kremasjon?

Det er fleire grunnar til at nokon vel kremasjon:

  • For nokon handlar det om religiøse eller livssynsmessige overtydingar.
  • Andre vel kremasjon på grunn av avgrensa plass på ønskja gravplass.
  • Familietradisjonar kan òg spele inn.
  • Nokon ønskjer å få oska spreidd på ein stad i naturen som har særleg betydning.