Éin person skal vere ansvarleg for ei grav. Den som er ansvarleg for gravferda skal få høve til å vere ansvarleg for grava dersom den avdøde får tildelt ny grav. Ved gjenbruk av grav må den som er festar godkjenne ny bruk. Når ei ny grav blir teken i bruk til ein av kommunen sine eigne innbyggjarar, blir det kalla ei frigrav. Denne skal det ikkje betalast for.
Frigravperioden er vanlegvis på 20 år. Når denne perioden er over, vil du få beskjed og høve til å feste grava vidare mot betaling. Du blir då festar av grava.
Ønskjer du å slette ei grav?
Om du er ansvarleg eller festar for ei grav, kan du velje å slette grava. Det betyr at du fråskriv deg ansvaret for grava og at festet opphøyrer. Då er det gravplassmynde som overtek ansvaret. I dei fleste tilfelle vil gravminnet og plantar bli fjerna, og det blir sådd til med gras.
Om du ikkje ønskjer å ta med gravminnet, vil dette bli overteke av gravplassmynde. Gravminnet kan då bli destruert eller gjenbrukt. Dersom fredingstida for grava er gått ut, vil grava kunne nyttast til ny gravlegging.
Det er òg mogleg å overføre festet til andre, så sjekk gjerne med familie eller andre etterlatne før du vel å slette ei grav.
Vedlikehald av gravminne
Det er valfritt om ein vil setje opp eit gravminne, men dei fleste vel å ha ein gravstein ved grava. Eit gravminne kan òg vere i andre materiale, til dømes metall, glas eller betong, men det skal brukast materiale som er bestandige og lite vedlikehaldskrevjande. Ei kiste eller urne blir vanlegvis sett ned i ei grav der dei etterlatne sjølve set opp og held ved like gravminnet. Det betyr at den ansvarlege for grava/festar har ansvar for at gravminnet ikkje er til fare for dei som ferdast på gravplassen.
I samband med gravlegging i nabograver kan det hende at gravminnet må fjernast mellombels, men det vil bli sett opp att så snart arbeidet er ferdig. Dette blir gjort av gravplassbeteninga.
Gravplassmynde har ansvar for vedlikehald av minnesmerke på anonym minnelund, namnsett minnelund og urnevegg der desse finst.