Nyttig informasjon til ansvarleg for
gravferda

 

Er du den som sørgjer for gravferda?

Det er éin person som skal ha det formelle ansvaret for gravferda. Dette står i gravplasslova. Å sørgje for ein gravferd inneber til dømes å avgjere kvar og korleis den avdøde skal gravleggjast.

Lova bestemmer kven som har rett til å sørgje for gravferda. Ansvarstilhøvet bestemmes i følgjande rekkjefølgje: ektefelle eller ekteskapsliknande sambuarskap, barn, foreldre, barnebarn, besteforeldre, søsken, søskenbarn og foreldres søsken. I tillegg må personen vere over 18 år. Det er mogleg å seie frå seg ansvaret for å sørgje for gravferda. Då går retten vidare til neste person i rekkja. Det er viktig å merke seg at den ansvarlege for grav/fester ikkje automatisk er den same som er ansvarleg for gravferda. Les meir om dette på «Nyttig informasjon til ansvarleg for grav».

Om den avdøde har etterlate seg skriftleg, signert erklæring om kven vedkommande ønskjer skal ta ansvar for gravferda, vil denne gå føre lova si rekkjefølgje. I erklæringa kan kven som helst over 18 år utpeikast til å sørgje for ein annan sin gravferd, uavhengig av rekkjefølgjebestemmelsen. Men, det å sørgje for ein gravferd er framleis ein rett, ikkje ei plikt. Det betyr at den som er oppført har moglegheit til å seie frå seg denne retten.

Om det er uenighet om kven som skal sørgje for gravferda, er det kommunen som avgjer saka. Det er også kommunen som vil ta ansvaret for gravferda, dersom ingen etterlatte ønskjer å sørgje for gravferda.

 

 

Kva gjer du som sørgjer for gravferda?

Du tek ei rekkje avgjerder i samband med gravferda, som til dømes:

  • Om den avdøde skal kremast eller om det skal vere kistebegravelse. Etter kremasjon kan det veljast mellom urnegravlegging og askespreiing. Ved askespreiing må det vere ei godkjenning frå Statsforvaltaren.
  • I kva kommune, gravplass og grav den avdøde skal gravleggjast.
  • Kva seremoni og eventuelt seremoni-stad som skal nyttast ved gravferda.

Mange vel å la eit gravferdsbyrå ordne det meste av praktiske og formelle oppgåver i samband med gravferda. Pårørande som ønskjer det, kan derimot utføre mange av desse sjølve, t.d. pynting av seremonilokale og utforming av program/sanghefte. Gravplassmynde i di kommune pliktar å veglede om fristar og utfylling av skjema. Ønskjer du meir informasjon om kva og korleis familien sjølv kan ordne av oppgåver kring gravferda, finn du det her Ta ansvar for gravferda | Gravferd (statsforvalteren.no).

Ved gravlegging brukast skjema Begjæring om gravlegging og eller kremasjon

Etter at gravferda er gjennomført vil du som sørgjer for gravferda få moglegheit til å bli ansvarleg for grava, med mindre den avdøde vert lagt i ei alt festa grav. Då vil den som er fester framleis ha ansvaret. Fester kan overføre ansvaret til andre som eventuelt ønskjer å overta.

Bestille grav

Ei grav kan berre bestillast i samband med eit dødsfall. Ved tildeling av ny grav vil denne vere ei frigrav i 20 år. Den som er ansvarleg for grava (festar) har rett til å setje opp eitt gravminne (gravstein) og har ansvar for å halde grava i hevd.

Det er mogleg å reservere ei kistegrav ved sidan av den tildelte frigrava når det blir valt kistegrav. For denne reserverte grava blir det betalt festeavgift for 20 år. Det er òg høve til å setje ned urner i kistegrava i fredingstida.

Ved tildeling av ny urnegrav vil denne vere ei frigrav i 20 år, og det kan setjast ned inntil seks urner. Festeavgift blir først betalt etter at det har gått 20 år frå siste gravlegging.

Sjå detaljert informasjon om våre prisar for gravlegging og festeavgifter.


Relaterte lenker (lenkjene blir opna i ny fane):